– Det gir ein peikepinn på det enorme tapet reiselivet har i vente dersom restriksjonane vert haldne ved lag og grensene fortset å vere stengde, seier administrerande direktør i NHO reiseliv Kristin Krohn Devold i ei pressemelding.

Eit fall på 40 prosent

I analysen er det sett på kor mykje pengar turistar har brukt på overnatting, transport, servering, opplevingar og anna.

Konklusjonen er at samla turistkonsum har falle med 40 prosent første halvdel av 2020 sett opp mot same periode i fjor (frå 81 milliardar til 49 milliardar kroner). Nedgangen i turistkonsum har vore størst blant utanlandske turistar med 60 prosent nedgang frå 24 milliardar til 9 milliardar kroner.

Nedgangen i turismekonsumet til nordmenn, som også inkluderer forretningsreiser, er på 30 prosent som svarar til eit tap på 18 milliardar kroner.

Nesten like mykje som ny europaveg

– Omsetningstapet svarar til omtrent kostnadene ved å bygge ny E18 gjennom Asker og Bærum, og det har skjedd berre på nokre få månader. Analysen stadfestar at reiselivet har lidd eit stort omsetningstap på grunn av restriksjonane til styresmaktene, og kjem til å lide store tap dei neste månadene dersom pandemien varer ved, restriksjonane held fram og grensene fortset å vere stengde, seier Kristin Krohn Devold.

– Regjeringa må forstå alvoret

Ho meiner reiselivsbedriftene må få kompensasjon dersom styresmaktene held fast på restriksjonane som hindrar bedriftene å drive normalt.

─ Dette er ikkje ei krise skapt av reiselivet sjølv, men ein pandemi, der tiltaka til regjeringa har ført til eit enormt omsetningstap. No må regjeringa forstå alvoret og raskt setje i verk ei vidare kompensasjonsordning for reiselivet. Så langt har 62 prosent av NHO reiselivs medlemmer fått kompensasjon på cirka 1,2 milliard kroner. Sett opp mot eit tap på 32 milliardar i turistkonsumet, seier det seg sjølv at vidare kompensasjon er nødvendig. Det er heilt urimeleg om bransjen må ta rekninga i haust åleine, seier Krohn Devold vidare.

I perioden frå mars til og med juli har turismekonsumet frå utanlandske turistar falle med 82 prosent frå 31 milliardar i 2019 til 5,5 milliardar i same periode 2020.

I same periode blei turismekonsumet knytt til forretningsreiser halvert samanlikna med same periode i fjor, frå 11,5 milliardar i 2019 til nær 6 milliardar i 2020.

Nordmenn på heimeferie viktig

Turistkonsumet til nordmenn ligg på omtrent same nivå som i fjor (59 milliardar frå mars til og med juli 2019 og 57 milliardar frå mars til og med juli 2020). Dette blir forklart med ein kraftig auke i norske overnattingar i juli.

– Det at mange nordmenn ferierte i Noreg i sommar har bidratt til å halde delar av reiselivet gåande i sommarmånadene. Vi håpar nordmenn held fram med å feriere i heimlandet utover hausten og til neste år, då det vil ha stor verdi for norske reiselivsbedrifter, særleg viktige hjørnesteinsbedrifter i små lokalsamfunn, seier Kristin Krohn Devold i NHO reiseliv.

Analysen er gjennomført av samfunnsøkonom Bård Ola Tjønneland i NHO på oppdrag frå NHO reiseliv.