Korona-smitta får 20.000 i bot etter fest

BOT ELLER FENGSEL: Påtaleleiar i Vest politidistrikt, Gunnar Fløystad,  opplyser at personen kan få 40 dagar i fengsel dersom bota ikkje blir betalt.

BOT ELLER FENGSEL: Påtaleleiar i Vest politidistrikt, Gunnar Fløystad, opplyser at personen kan få 40 dagar i fengsel dersom bota ikkje blir betalt. Foto:

Politiet gav måndag ei bot på 20.000 kroner etter at ein person braut smittevernlova i helga.

DEL

Det melder Vest politidistrikt.

Personen er bekrefta smitta av Covid-19-viruset. Førelegget vart gjeve etter at vedkomande braut den lovpålagde isolasjonen og reiste på ein fest natt til søndag. Politiet har i helga etterforska saka og avhøyrt fleire personar.

Av omsyn til personvern ønskjer ikkje Vest politidistrikt å gje ut ytterlegare detaljar om hendinga. Dei vil heller ikkje seie noko om alder eller kjønn på personen, eller kvar hendinga skjedde.

– Vedkomande vart orientert om førelegget måndag. Om ikkje bota blir betalt, risikerer vedkomande fengsel i 40 dagar. Vi håpar folk skjønar alvoret i situasjonen landet står i og rettar seg etter gjeldande lovar, reglar og retningslinjer, seier påtaleleiar i Vest politidistrikt, Gunnar Fløystad.

50 oppdrag i helga

I helga har Vest politidistrikt registrert 50 oppdrag relatert til korona, der eitt tilfelle resulterte i den nemnde straffesaka. Politiet har i utgangspunktet ei førebyggande rolle for å hjelpe innbyggarar og verksemder med å førebygge smitte.

– Politiet steller seg til sentrale lovar og forskrifter. Sjølv om folk sin oppførsel ikkje er direkte straffbar, kan vi av smittevernomsyn pålegge folk å bryte opp samanstellingar eller andre aktivitetar som kan utgjere ei auka smittefare. Dersom innbyggarane ikkje følger politiet sitt pålegg, kan dette vere straffbart. Men vi forsøker i all hovudsak å jobbe førebyggande og gje god rettleiing til innbyggarane der vi kan, seier stabssjef Kjetil Øyri. Han har det operative ansvaret i Vest politidistrikt i samband med koronahandtering.

Bruk sunn fornuft

Politiet kan ikkje fastsette eit tal for kor mange menneske som kan møtast privat, og oppmodar den enkelte til å bruke sunn fornuft og sjølv føreta ein nøktern vurdering av kva om er forsvarleg. Råd og retningslinjer frå helsemyndigheitene er førande og politiet kan til ein kvar tid gripe inn for å ta i vare allmenheita si sikkerheit.

– Klare lovbrot vil bli etterfølgt. Det er gjort klart av riksadvokaten at lovbrot som inneber brot på bestemmingar som skal bidra til å redusere smitterisiko skal bli prioriterte. Vi kjem difor også framover til å ta brot på smittevernlova som er straffesanksjonert på største alvor, seier Fløystad.

Artikkeltags