Gå til sidens hovedinnhold

Korona kan gi forseinkingar i valresultatet

Valmedarbeidarane må halde ekstra avstand frå kvarandre når dei tel opp stemmene. Det kan gi forseinkingar i valresultatet måndag.

– Det er viktig at valmedarbeidarane held avstand og varetek smittevern òg når dei tel stemmene. Dette kan føre til at oppteljinga tek litt meir tid. Det er derfor mogleg at det endelege resultatet blir klart noko seinare enn vanleg i år, seier avdelingsdirektør Siri Dolven i Kommunal- og moderniseringsdepartementet til NTB.

For å lette litt på arbeidet har kommunane fått lov til å starte den førebelse oppteljinga av førehandsstemmene éin dag tidlegare enn vanleg. Dei startar med dette søndag.

– Denne mellombelse lovendringa er gjort for å redusere risikoen for forseinkingar i oppteljinga, seier Dolven.

Litt av utfordringa er at forseinkingar i eitt valdistrikt, kan få betydning for fordelinga av utjamningsmandata òg i andre fylke.

– Før vi veit sikkert korleis utjamningsmandata skal fordelast, må alle valdistrikta vere ferdige med å telje alle stemmene sine.

Har førebudd seg godt

Sjølve prosessen med å stemme har under førehandsstemminga stort sett gått i same tempo som før, trass i smitteverntiltak i vallokala.

– Vi veit at mange har førehandsstemt i år, og ventar ikkje at det vil vere vesentleg lengre tidsbruk enn normalt. Kommunane har førebudd seg godt, men det kan vere køar ved stemmelokalet den siste tida før valdagen og på valdagen, seier avdelingsdirektøren.

Allereie før valdagen har det vore køar. På grunn av lange køar ved lokala for førehandsstemming fredag, bad kommunen dei som er folkeregistrerte i Oslo, om å vente til valdagen med å stemme.

Må stemme heimanfrå

Veljarar som er friske, skal møte opp og stemme som normalt, men følgje dei smittevernråda som gjeld der dei stemmer.

Kommunane må òg ha eige opplegg for veljarar som er i karantene eller har luftvegssymptom. Fleire stader blir det tilbodne drive-in-stemming, spesialtilpassa vallokale eller omreisande valløysingar for desse.

Veljarar i koronaisolasjon skal ikkje reise til vallokalet og må bestille heimestemming av heimkommunen sin. Siste frist for dette er måndag klokka 10.

– Det er viktig å kontakte kommunen så raskt som mogleg, slik at dei kan organisere mottak av stemmer på ein god og effektiv måte, seier Dolven.

I år har rekordmange førehandsstemt, noko som kan føre til litt mindre trykk enn vanleg på valdagen. Fredag var talet førehandsstemmer oppe i 1,48 millionar, noko som svarer til 38,1 prosent av alle stemmeføre.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken