Den framtidige situasjonen mellom rutebilstasjonen og gata Storehagen, har lenge vore eit ope spørsmål.

Men no meiner vegavdelinga i fylkeskommunen at dei har funne eit svar:

I grove trekk går planen ut på at ein utvidar dagens kryss ved Firda Billag sin verkstad. Dette blir så brukt til både inn- og utkøyring.

Så vil ein rive verkstaden til Firda billag. På dette området blir den nye haldeplassen for bussar. I staden for at bussane står tett i tett og på skrå slik som i dag, blir det fleire rader med «perrongar» der bussane kan buksere seg lett og trygt, samtidig som passasjerar slepp å gå i vegbana.

Området der bussane står i dag, blir ei såkalla kyss og køyr-sone. Det betyr ein snuplass der folk som kjem med bil og skal inn på bussen, kan stige av. Denne sona vil dele innkøyrsle med Sunnfjord hotell.

Rommet mellom rutebilstasjonen og hotellet blir oppstillingsplass for drosjer.

Syklar må stoppe på raudt

Langs med heile dette området blir det alléar med tre, men også ein gang- og sykkelveg. Og det er her nøkkelen til løysinga ligg: Eit lyskryss mellom syklistane og bussane.

Det lyskrysset vil ha sensorar som gir bussane automatisk grønt lys. Samtidig vil dei mjuke trafikantane få eit raudt lys. Men når det ikkje køyrer bussar, vil syklistane ha «evig grønt».

Vegavdelinga understrekar at dei treng løyve frå Vegdirektoratet til eit slikt lyskryss. Og at det rett nok har mindre trafikk enn det er krav om. Likevel er det ei opning for å ha lyskryss der ein betrar trafikktryggleiken eller tek omsyn til særskilde trafikkstraumar. På grunn av dette håpar fylkets vegavdeling at dei får godkjent krysset likevel.

Ei anna endring blir at det nye krysset berre vil vere for bussar og mjuke trafikantar. I og med at tiltaket då vil sperre for anna trafikk, vil det også vere avhengig av at Firda billag får flytta logistikken sin ut til Bruland. Og det er i sin tur avhengig av at det kjem tunnel gjennom Hafstadfjellet.

Teksten held fram under illustrasjonane.

Samrøystes arbeidsgruppe

Løysinga vart presentert på formannskapsmøtet i Sunnfjord kommune 30. september. Då kom John Martin Jacobsen og Jens Remø frå fylkets vegavdeling på besøk og forklarte.

Planane har blitt arbeidd fram av ei prosjektgruppe samansett av folk frå fylket, Førdepakken og Sunnfjord kommune, pluss ein ekstern konsulent.

Denne gruppa vurderte, og forkasta, ei heil rekke med forskjellige alternativ for det såkalla trafikk-knutepunktet i Førde sentrum.

Hovudutfordringa var nemleg at ein fryktar kollisjonar mellom bussar og til dømes syklistar. Mellom anna vurderte gruppa å lage busstilkomst i nordvestre hjørne, altså ved lyskrysset på rv.5. Dei vurderte å lage ein undergang for mjuke trafikantar, eller at sykkelvegen skulle stoppe før krysset. Eller fartsdempande tiltak for både syklande og køyrande.

Men alle desse alternativa vart altså lagt bort av ei samrøystes arbeidsgruppe.

Gangen vidare i arbeidet er at det skal lagast ein reguleringsplan for området, som Sunnfjord kommune så må vedta.

Delvis avklara pengespørsmål

Og så må finansieringa vere i boks. For i slike prosessar er det alltid eit spørsmål om kor mykje det skal koste, og kven som skal betale. Til det seier Jacobsen at finansieringa er delvis avklara: Fylkeskommunen har nemleg sett av kring 50 millionar til å kjøpe tomteareal i området.

Det ligg også i korta at Førdepakken blir med på finansieringa. Førdepakken har to tiltak i dette området. Det ein er tiltak 9 i Storehagen, som mellom anna inneheld nettopp ny gang- og sykkelveg. Denne har stått på vent på grunn av den uavklara trafikksituasjonen.

Tiltak 9 vil grense til det andre tiltaket, altså «Laksebrua» over Jølstra (tiltak 1). Den vil føre til at trafikken minkar litt i Storehagen.