Kontrollørane var kjempefornøgde: – Vi møtte blide sjåførar som hadde alt i orden og var klare for påske

DEL

Statens vegvesen hadde to kontrollar i fylket på tysdag. Det var skryt til sjåførane over heile linja.

Ved Håbakken i Sogn vinka kontrollørane inn 228 køyretøy for å sjekke vekt og dekk. Dei rapporterer om mange blide og hyggelege sjåførar som var klar for påskeferie, og i tillegg hadde orden på bil og utstyr.

Av dei 228 var det to sjåførar som fekk dekkgebyr. Ein svensk og ein polsk sjåfør hadde ikkje djupt nok dekkmønster, og må ut med ei bot.

Det var også kontroll ved Nordfjordeid tysdag. Her vart det også sjekka vekt og dekk. Alle dei kontrollerte hadde vekt og dekk i orden.

– Dette var ein svært positiv kontroll og viser at vi har mange flinke førarar ute på vegen, skriv kontrolløren i sin rapport.

Artikkeltags