Gå til sidens hovedinnhold

Kontrollerte personbilar midt på natta

Artikkelen er over 1 år gammel

Statens vegvesen hadde natt til søndag kontroll av personbilar ved E39 i Førde. Kontrollen hadde dei i samarbeid med politiet.

Dei hadde 26 bilar inne til kontroll, og 14 av dei vart kontrollerte nærare.

Det resulterte i at fire bilar fekk bruksforbod på grunn av tekniske manglar. Manglane var at bilen støya for mykje, eller at bilen var blitt ombygd på ein ikkje godkjent måte.

Ein bil fekk vedtak om inndraging av kjennemerka fordi dekka tok borti skjermane ved innfjøring. Når dekka tek borti skjermane kan dei bli drivne hol i, og det kan føre til ei trafikkulykke. Bilføraren klart å ordne opp i dette på kontrollplassen, og fekk behalde kjennemerka. Men han fekk bruksforbod på bilen på grunn av eit ombygd eksosanlegg som førte til mykje støy. Han fekk likevel lov å køyre bilen heim, slik at han kan få ordna den.

Det vart i tillegg gitt skriftlege pålegg om utbetring av tekniske manglar ved sju køyretøy. Dette var lyddemparar som var fjerna, feil ved lys og ikkje godkjende ombyggingar av bilen.

Kommentarer til denne saken