Kontakta politiet etter at han kom over full mann ved bilvegen

DEL

Ein forbipasserande kontakta politiet laurdag morgon etter at han kom over ein mann som låg ved riksveg 15 utanfor Stryn sentrum.

Den forbipasserande prøvde først å snakke til den godt vaksne mannen, som verka veldig full.

Den forbipasserande blei bekymra og kontakta difor politiet like etter klokka 06.30.

– Det enda med at ambulanse tok over og rykte ut til staden, men då dei kom fram, var mannen vekke. Dei leita etter han, men utan resultatet, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt.


Artikkeltags