Gå til sidens hovedinnhold

Vann billettar til Harv

Artikkelen er over 14 år gammel

Fire har vunne fire billettar til konsert med folkemusikkgruppa Harv.

Ei av dei mest populære folkemusikkgruppene i Sverige er på Norgesturné, og fredag 6. oktober er det Førde sin tur å ta del i "raggarmusikken" til Harv. Konserten vert halden i Barthold på Rica Sunnfjord hotell i Førde.

Når arrangørane kallar dette "raggarmusikk" er det slett ikkje noko nedsettande. Tvert om! Det er på den måten Harv framstiller sin eigen musikk, og tittelen på deira siste CD: "POLKA RAGGIOSO" talar sitt eige språk!

Harv har heilt klare tradisjonar og hentar sitt musikalske materiale frå norsk og svensk folkemusikk. At dei framfører det på sin eigen intense måte gjev ein ekstra dimensjon til tradisjonane. Arrangørane trur konserten vil fange interesse både hos ungdom og eldre, og Harv bygger bruer mellom dei som er interesserte i jazz, rock og folkemusikk.


Fire vann

firda.no har trekt ut fire vinnarar blant dei som svarte rett på spørsmåla nedanfor. Vinnarane, som er kontakta, er:

Ingunn Selvik Eriksen, Søfteland
Ronny Kjøde, Førde
Torbjørn Sygna, Førde
Anne Johanne Smørdal, Førde

firda.no gratulererer!


Spørsmåla var:

Kva land kjem Harv frå?
SVAR: Sverige

Kva er namnet Barthold på Rica Sunnfjord hotell henta frå?
SVAR: Ein figur på teikning av Oddvar Torsheim

Ca. kor mange sidevisningar har firda.no i snitt i månaden?
SVAR: 1 500 000


Meir om Harv

Harv starta for 10 år sidan som rockeband. Men med familieband langt inn i den svenske folkemusikksjela (du heiter ikkje Stinnerbom ustraffa!) blei dei til all lukke meir opptekne av feler enn av elektriske gitarar, og grunnlaget for musikk-uttrykket blei lagt.

Harv har turnert mykje i Europa, Sør-Amerika og no i februar var dei i USA og spelte m.a. i Austin Texas, Chicago og i New York. Her heime kjenner vi Harv best som musikarane i Tryllefløyta - ein folkeopera - som turnerte Norge rundt hausten 2005. Dei musikk-arrangementa dei laga til Mozart sin opera vart rost i skyene av samtlege kritikarar. Leif og Inger Stinnerbom (foreldra til Magnus!) var ansvarlege for regi og kostymer for Tryllefløyta.

Alle musikarane er ettertrakta i fleire høve. Magnus Stinnerbom er med i Alex Möller Band og Daniel Sandén-Warg spelar i bandet til Odd Nordstoga. Fleire av dei har bakgrunn i det legendariske bandet Hädningarna

To av musikarane bur i Norge. Daniel har busett seg i Valle i Setesdal der han m.a. har utdanna seg til sølvsmed, og Christian bur i Oslo. Magnus bur i Värmland medan David bur i Stockholm. Det er ikkje berre enkelt å samle dei til turne!


Medverkande:

Musikarar Magnus Stinnerbom - viola, accordion
Daniel Sandén-Warg - feler
David Tallroth - gitar
Christian Svensson - slagverk

Turneen er eit samarbeid mellom Rikskonsertane og Den norske FolkemusikkScena.