Gå til sidens hovedinnhold

Tidenes Sogndal-lag

Artikkelen er over 17 år gammel

Grodås eller Flo. Eirik eller Svein. Raoul eller Gunnar Sigmar. Bli med på kåringa av Sogndals beste lag gjennom 30 år.

Sogndal har vore fotballflaggskipet i Sogn og Fjordane dei siste 30 åra. Firda har i den samanheng lyst til å be lesarane kåre «Tidenens Sogndal-lag». Vi har lansert ei rad med aktuelle spelarar i dei forskjellige posisjonane gjennom desse tretti åra, og desse kan du gjerne velgje blant. Men det er også sjølvsagt fritt fram å lansere eigne kandidatar.

* Var til dømes Svein Bakke ein betre goalgettar enn Håvard Flo?
* Er Anders Stadheim ein betre teknikkar enn sin far, Ingvar Stadheim?
* Var Gunnar Sigmar Håre både raskare og meir tacklingsterk enn Robbie Russel?
* Kan Eirik Bakke stille opp mot Rune Buer Johansen?
* Var landslagspelar Finn Egil Skjeldestad betre som kantspelar enn Tore André Flo?
* Var Frode Grodås betre i Sogndal-trøya enn Terje Skjeldestad?

Du bestemmer sjølv kven som skal vere med på ditt lag. Og når vi set sluttstrek for kåringa, 21. desember, vil vi i sports-redaksjonen utarbeide den «offisielle» versjonen av «Tidenes Sogndal-lag». Denne vil kome på trykk i romjula.

Som takk for innsatsen med å lansere ditt lag, trekkjer vi ut 10 flaxlodd som vert sendt til ein av dei som sender inn sitt framlegg. Difor er det berre mogleg å sende inn eitt forslag på «Tidenes Sogndal-lag» frå kvar av lesarane. Skulle det dukke opp fleire frå same avsendar, vil vi tillate oss å refusere vilkårleg.