Konflikt mellom huseigar og leigetakar måtte roast ned av politiet

DEL

Litt etter midnatt laurdag kveld vart politiet tilkalla til eit bustadfelt i Førde for å roe ned ein konflikt mellom huseigar og leigetakar.

– Vi kom til bustadfeltet og hjelpte til med meklinga mellom dei to partane, seier politioverbetjent Trond Hatlenes til Firda søndag morgon.

Han veit ikkje kvifor dei to partane krangla, men at det etterkvart skal ha roa seg mellom dei to.

– Partane vart etter kvart einige og vi drog frå huset utan større dramatikk, seier Hatlenes.


Artikkeltags