Det blir samlingsstund i Førdehuset klokka 19.00 laurdag kveld, der dei som ønsker det kan møtast. Der kjem politi, utekontaktar og personell frå kommunen sitt kriseteam.
Kriseleiinga i både Kinn og Sunnfjord kommuner har koordinert seg med tanke på informasjon og arbeid med å nå ungdomar i Kinn og Sunnfjord.
Kinn kommune skriv laurdag ettermiddag at ungdomshuset Haffen i Florø no er stengd, og at kulturhuset i Florø vert stengd frå kl. 18.00 og at Florø kyrkje er open frå kl. 18.00 -til 22.00.
Ved spørsmål kan ein kontakte Kinn kommune på telefon 45 97 58 66.