Klokka 18.42 melde 110-sentralen Vest om brann i ein kompressor på Dragsvik ferjekai.

– Det er ein mindre, frittståande kompressor som brenn. Han står ikkje på sjølve kaien, men litt bortanfor, fortalde vaktoperatør Helge Lund på 110-sentralen.

Alle naudetatane rykte ut. Like etter brannvesenet si melding, opplyste Vest politidistrikt at det ikkje var fare for spreiing, men at det var mykje røyk i området.

Kompressoren står på eit lukka område på ein gjenbruksstasjon på Dragsvik.

– Klokka 18.55 melde brannvesenet at dei hadde skumlagt kompressoren og dermed slått ned flammane. Dei har kontroll på situasjonen, sa operasjonsleiar Dan Erik Johannessen i Vest politidistrikt.

Politiet var då på veg med ein patrulje. Dei vil undersøke hendinga vidare.