Kompetansereforma: – Vaksne skal få utdanne seg heile livet

Oslo 20200422. 
HELDT PRESSEKONFERANSE: Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) og statsminister Erna Solberg (H) under pressekonferansen om kompetansereformen «Lære heile livet» onsdag.

Oslo 20200422. HELDT PRESSEKONFERANSE: Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) og statsminister Erna Solberg (H) under pressekonferansen om kompetansereformen «Lære heile livet» onsdag. Foto:

Av

Regjeringa vil med kompetansereforma si sørgje for at vaksne kan få ta utdanning heile livet, og at det skal bli lettare å ta utdanning for fleire.

DEL

– Noreg er, heilt uavhengig av koronakrisa, i omstilling. Vi må skape meir og vi må inkludere fleire. Vi må tette gapet mellom kva arbeidslivet treng av kompetanse, og den kompetansen arbeidstakarane faktisk har. Derfor er reforma så viktig, seier statsminister Erna Solberg (H).

Delen verksemder som seier dei i stor grad har eit udekt kompetansebehov, har auka dei siste åra. I 2016 melde berre 4 prosent av bedriftene om dette, medan delen i 2019 hadde auka til 9 prosent.

Fjernar krav

Samtidig er delen som tek vidareutdanning, lågare no enn for ti år sidan.

Derfor vil regjeringa fjerne kravet om at du må studere minst 50 prosent for å få stønad frå Lånekassen, gi tilleggslån til livsopphald for vaksne som vil fullføre vidaregåande og gjere det enklare å ta opp lån for dei over 45 år.

Regjeringa vil òg setje i gang seks nye treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling i varehandelen, reiselivsnæringa, frisørnæringa, mat- og drikkevareindustrien, anleggsbransjen og elektro, automasjon, fornybar og kraftnæringa.

Målet til regjeringa er at ingen i norsk arbeidsliv skal gå ut på dato.

– Vi må gå bort frå eit system der vi først utdannar oss og jobbar etterpå, og over til å jobbe og utdanne oss heile livet. Derfor skal vi gjere utdanning meir tilgjengeleg for vaksne med familie, stasjonsvogn og jobb, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken