Onsdag kveld sende Sunnfjord kommune ut varsel om å koke vatnet i Bygstad.
– Det vart påvist bakterie i ei vassprøve. Det skal takast nye prøver i dag, men varselet vil nok i alle fall gjelde fram til laurdag, seier teknisk vakt, Dag Skilbrei til Firda torsdag morgon.
Han kunne ikkje stadfeste kva for bakterie det er snakk om. Kokevarselet gjeld for dei som er tilknytt høgdebassenga Fauske og Bringeland.