Dataspeling og konkurransar i dette er blant dei største fritidsinteressene for barn og unge. I tillegg er det på veg inn i skule, idrett, utdanning og helsevesen.

Vestland fylkeskommune lanserte som første fylkeskommune i landet ein eigen strategi for e-sport i 2021 og har fått merksemd nasjonalt for arbeidet med tematikken.

Blant anna har Førde Cykleklubb kasta seg på kombinasjonen av sport og e-sport:

No lyser fylkeskommunen ut 205.000 kroner i e-sport-tilskot til kommunar i fylket. Tilskotet skal vere ei starthjelp til gode lokale tilbod, som igjen kan vere modellar for andre kommunar.

– Vestland fylkeskommune skal vere med og leggje til rette for både topp- og breiddetilbod innan gaming og e-sport. I fjor delte vi ut det første utviklingsstipendet for e-sportsutøvarar, for å leggje til rette for topputøvarar. No konsentrerer vi oss om breiddetilbodet og oppmodar kommunane til å sjå på sambruk og fleirbruk for å få e-sport og gaming inn på arenaer for kultur og idrett, seier Per Morten Ekerhovd, avdelingsdirektør for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune, i ei pressemelding.

(©NPK)