Gå til sidens hovedinnhold

Kommunal kulturpris til ei kunstbygd og kulturpolitisk hærverk, same dag?

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Evnene til å forme, skape og uttrykt seg gjennom ulike typar kunst har eksistert lenge. Å gje plass til dette har stor verdi for sivilsamfunn og kulturarv. Diverre finst det enkelte regimer sommed stor iver og makt riv ned det andre har bygd opp. Historisk er det for mange eksempel på dette, som dei romerske keisarane som øydela forgjengaren sin signatur, og erstatta deimed sineigen. Spørsmålet er om den årskomne Sunnfjord kommune risikerer å leve opp til denne rivingstradisjonen.

For kontrastane kan bli store, torsdag den 10. desember, dersom kommunestyrepolitikarane i fult alvor med Ap-gruppeleiar Helge Robert Midtbø og varaordførar Jenny Følling (Sp) i spissen, vel å «svinge» storslegga for å knuse stein og ein skulptur til fordel for 100-årsjubillanten, Førde idrettslag sine særinteresser: Eit flaumlyst «slottspalass (11ar-kunstgrasbane, med eit førespegla nytt stort stadion)» ved Førdehuset som kommunesignatur, vedteke same dag som kommunen heidrar kunst og delar ut kulturpris til eldsjelene til Vevringutstillinga, ei årleg kulturhending for store og små som har eksistert sidan 1979, der kontaktar med omverda og dugnadsånd har vore viktige suksesskriterier.

Kunstbygda Vevring er kanskje best kjent i riksmedia for Førdefjord-saka, der Nordic mining/Rutile vil starte opp gruvedrift med steinknusing og dumpe giftig gruveslam i Førdefjorden, ein nasjonal laksefjord. Kampen mot motkreftene er framleis tilstades i denne kunstbygda, som ikkje vil gje opp kampen for å overleve. Det er ein inspirerande kamp for mange fleire som ønskjer å ta vare på og utvikle levande by, bygder, vassdrag og fjord og laks og anna fisk har vore viktige næringsvegar for folk og samfunn. Og den steinforma skulpturen Laksen er uttrykk for dette som framleis har relevans i vår tid.

Gløym aldri at Laksen som mange i Førde-samfunnet har blitt glad i, vart bygd opp av Jørn Rønnau med god dugnads-hjelp. Dette skjedde for vel 30 års sida og det er påfallande kor fort historia blir gløymt av nyare Sunnfjord-politikarar, som vil ofre Førde og kulturkommunen Sunnfjord sitt synlegaste kulturelle symbol og identitetsmerke, som fakstisk er ein integrert del av flaumsikringa av festplassområdet, med å erstatte det med sitt eige «signaturmonument».

Dei har tydlegvis ikkje har lært av Førdefjordsaka, som å la vere å lytte til fagfolk og folkeleg engasjement. Men vel heller å ofre viktige verdiar som ikkje lar seg måle i kroner og øre, til særinteresser. Forstår Ap og Sp eigentleg kva galskap dei har stelt i stand? Festplassen som park blir utvilsamt mykje fattigare utan Laksen som høyre til der i lag med flaumvernfunksjon. «Skulptur-flytting-argument» er berre politikarsnakk som i praksis vil føre folk bak lyset.

La oss tenne fleire lys i håp om at politikarane i Sunnfjord kommune vaknar opp, innser alvoret og tek til vet. Ikkje la torsdag den 10. desember, bli hugsa som den dagen då kommunen på den eine sida delte ut kulturpris til eldsjeler frå kunstbygda Vevring, og i rein dumskap knuser kunst og dugnadsånd ved å gjere vedtak om riving av Laksen, som i så fall vil bli hugsa som tidenes største kulturpolitiske hærverk. Tenk på fellesskapet og kommunen sitt omdømme!

Les også

– Førde treng ei vakker gangbru mellom Førdehuset og Hafstadparken

Les også

Laksen som landskapskunst og del av flaumsikring

Les også

Ivar (73) var med og bygde Laksen. No vil han rive han

Les også

Laksen eller kunstgrasbana? Kva seier du?

Les også

Hans Jakob hevdar politikarane bøyer seg for fotballen: – Veldig trist

Les også

– Bilfolket har erobra sentrum, sa Jørn (75) då han skapte Laksen. No har bilane overkøyrt kunstverket

Kommentarer til denne saken