– Eg har tona ned mobilbruken drastisk i det siste. Men er det verdt det?

DEL

AproposFlymodus er fint.

Fekk stikk i magen etter idyllisk skitur på Langeland i dag. Oppi all nytinga av augneblinken gløymde eg å dokumentere ein glitrande fin tur på kanskje årets finaste vinterdag. Autsj! Må eg gå på nytt? Viss det ikkje finst bilde, har eg eigentleg vore på tur? Kjem eg til å gløyme denne turen? Slike eksistensielle spørsmål kverna i racerfart i hjernen min medan eg sette meg inn i bilen.

Eg har tona ned mobilbruken drastisk i det siste. Men er det verdt det? spurte eg meg sjølv. Eg såg plutseleg veldig tydeleg kva pris ein må betale når ein set mobilen på flymodus og gøymer den vekk. Eg må leve med at denne opplevinga berre er mi, den får ingen godkjenning av andre, den blir ikkje gyldiggjort av likes, den er det den er, og den finst berre inne i meg no. Så innsåg eg at dette ikkje er ein pris, men ei gåve.

Eg innsåg også at minnet mitt av turen skein mykje sterkare enn veldig mange opplevingar kor eg gav etter for «dokumentasjonsbehovet». Ikkje berre fordi eg let vere å ta bilde, men minst like mykje fordi eg aldri tok opp mobilen, sjekka sosiale medium, Messenger. Det bryt opp tilværet, nedgraderer aktiviteten du driv med og får deg til å flytte fokus frå her og no til alt anna.

Når eg skriv dette, ser det så logisk ut. Men det er jaggu ikkje før du innser det, at du innser det. Men det er ikkje lett å legge vekk dokumentasjonsbehovet over natta. Så for sikkerheits skuld: Øvst er dagsbilletten, parkeringsplassen på Langeland og dusjen eg tok då eg kom heim.

Artikkeltags