Kven skal rocke distrikta?

ROCKE-ORDFØRAR: Alfred Bjørlo (V) i aksjon på scena på Malakoff 2019. Foto: Øystein Torheim

ROCKE-ORDFØRAR: Alfred Bjørlo (V) i aksjon på scena på Malakoff 2019. Foto: Øystein Torheim

Av
DEL

Kommentar 

«No held det på å rakne for mange av dei gjenverande statlege kompetansemiljøa i distrikts-Noreg - med politikarar på tribuna», skreiv ordføraren i Eid, Alfred Bjørlo (V) i ein kronikk i VG nyleg. Etter å ha skrive kronikk i VG la han inn endelaust med dugnadstimar i Malakoff, rockefestivalen som er perfekt merkevare for ein kommune som vil vere utstillingsvindauge for lokal vekst og ungdommeleg optimisme.

Men heller ikkje i Eid kan dei leve av rock åleine, og Bjørlo slår på stortromma, eller bles hardt i trompeten om ein vil, når han kritiserer eiga regjering. Han peikar på at regjeringserklæringa frå 2019 (Granavolden) varsla samordning på tvers av sektorar for å spreie statlege kompetansemiljø utover landet.

Korleis dette skal skje står kanskje fortalt i den varsla distriktsmeldinga frå regjeringa? Mens vi ventar i spenning, kjem stadig fleire etatar med reformer som betyr endå fleire offentlege arbeidsplassar i Oslo og Bergen. Politireforma kjenner vi godt til, Statens Vegvesen er i ferd med å gjere det same. Og ingen store statlege direktorat har ein ambisiøs strategi for å ta heile landet i bruk.

Det er dei i ferd med å få nok av i Nord-Norge. Der gjer dei opprør mot at landet vårt blir styrt av folk med Oslo-briller. I ei meiningsmåling Infact har gjort for avisa Nordlys får regjeringspartia hard medfart mens Senterpartiet er det største partiet i landsdelen. Veljarane nektar å slå seg til tol med at lokalsamfunna blir ribba for viktige kompetansearbeidsplassar. På leiarplass karakteriserer Nordlys dette som «...håndfast politisk uenighet med den retningen styringseliten i Oslo har staket ut.»

«Der gjer dei opprør mot at landet vårt vert styrt av folk med Oslo-briller.»

I Sogn og Fjordane ser vi det same. Dei nye samanslåtte kommunane har store utfordringar med økonomien, lensmannskontor er ferd med å bli eit framandord, og mellomstore kommunar som Eid blir ofra når Vegvesenet påstår dei skal bli endå meir effektive.

På same måte som i Nord-Norge kjem Senterpartiet til å gjere eit svært godt val i Sogn og Fjordane. Det har dei sterke tradisjonar for, og i år er medvinden endå sterkare enn tidlegare. I Firda si meiningsmåling i juni sa kvar tredje veljar i Sunnfjord at dei vil stemme Senterpartiet. Mykje skal gå gale viss ikkje Jenny Følling blir ordførar i den nye kommunen.

Men i takt med at det blir auka fokus på distriktspolitikk kjem fleire til å melde seg på debatten. Venstre-ordføraren i Eid har sett standarden. Han rockar på Malakoff og i VG sine avisspalter. Han blir kanskje ordførar i Stad, men får neppe selskap av prog-rockar, Atle Hamar, som vil bli ordførar i Sunnfjord. Han sit inneklemt i miljødepartementet og kan ikkje blåse like hardt i hornet som partikollegaen i Nordfjord. Og sjølv om Sogn og Fjordane har markert seg som leverandørar av dyktige Venstre-politikarar på den nasjonalpolitiske scena, er meiningsmålingane dyster lesnad for deira del.

Uansett fortener utspelet til Bjørlo å bli tatt på alvor. Med Malakoff og Opera Nordfjord har han dokumentert at det er mogleg å få til nesten utenkelege ting i ein liten kommune. Dette er eit godt utgangspunkt for også å levere gode statlege tenester til heile landet. Distriktspolitikk bør stå høgt på agendaen i valkampen og bør vere noko langt meir enn konsekvent å seie nei til endringar.

Artikkeltags