Som tilflyttarbarn trong eg Førdefilmen

ENDELEG STOLT: – Eg trur fleirtalet av oss kan flautt lite om denne staden, og kva som har skjedd her, skriv journalist Ivar Bruvik Sætre (bildet). Førdefilmen endra synet hans på heimstaden.

ENDELEG STOLT: – Eg trur fleirtalet av oss kan flautt lite om denne staden, og kva som har skjedd her, skriv journalist Ivar Bruvik Sætre (bildet). Førdefilmen endra synet hans på heimstaden. Foto:

– Kvifor har ingen fortalt meg eventyret om Førde før, spør journalist Ivar Bruvik Sætre.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

KommentarEg var skeptisk til den nye «Førdefilmen: Frå Sjøahola til sjukehuset». Ikkje på grunn av kompetansen til dei som lagde den, men fordi halvannan time med Førde-historie på ingen måte kunne vere gøy, morosamt eller interessant, uansett korleis du vrei på det. Tenkte no eg. Og det er problemet.

Denne måndagen hadde filmen premiere i Førdehuset. For første gong i mine 25 leveår, blei eg stolt av byen eg er fødd og oppvaksen i.

Eg er født i 1992. Med andre ord høyrer eg til den første generasjonen som er fødd og oppvaksen i Førde med tilflyttarar som foreldre. Eg har ikkje blitt oppdratt til å synest det er fint her. Slekta mi er andre stader. Finvêret også.

Med mantraet «Norges styggaste by» har min generasjon med tilflyttarborn vore relativt samstemt om at vi skal vekk herifrå når vi blir vaksne. Foreldra våre kom hit for ein jobb, kjærast eller grunna tilfelle. Ikkje fordi det var fint å bu her. Så kva i all verda skal vi bli verande her for?

Etter kvart har skjønt at alt kan sjå fint ut i det rette lyset. Kor vidt ein plass er fin handlar meir om minne og relasjonar enn om arkitektur, byplanlegging og fjell. Greitt, så er Førde min heim. Og kanskje er eg litt glad i plassen. Men ikkje stolt. Før no.

Å kjenne stoltheit og identitet til Førde krev meir enn ein fødselsattest frå sentralsjukehuset. Det krev eit minimum av historisk kunnskap, som i alle fall eg ikkje har oppsøkt.

I Førdefilmen datt endeleg noko av denne historiske forståinga på plass. Kanskje på ein litt intens måte. Men på ein overbevisande måte. Og ikkje minst i moderne videoformat. Hans Jakob Reite og filmskaparane fortente den ståande applausen dei fekk.

Det er sikkert lett å tru at den nye generasjonen med førdianarar kan historia om korleis Ida Berqvam bygde Handelshuset. Eller visste at vi hadde ein spinnvilt plassert flyplass midt i sentrum. Eller for dei endå yngre: at handelsparken på Kronborg berre var gras før. Eg trur fleirtalet av oss kan flautt lite om denne staden, og kva som har skjedd her. Før eg gjekk inn i Kinosalen, var mi forståing av Førde sin historie om lag slik:

Vi var eit lite bondesamfunn. Så fekk vi sjukehuset. Og så kom det masse butikkar.

I filmen om Førde blir eg derimot vitne til eit lite distriktseventyr som ingen har fortalt på den same måten. Byen, handelsstaden og vekstsenteret Førde har ikkje blitt det det er i dag berre av heldige vedtak om sentralsjukehus og regionsenter. Førde har også vore busett av ei rekke ekstremt handlekraftige kvinner og menn som vil noko.

Dei vil kanskje ete fysst, men så bygger dei for millionar. Og etterpå spør dei om løyve. Og så blir ting sjåande litt tilfeldig og lite heilskapleg ut. Men det har no sin sjarm det også.

Førde har sin sjarm. Det følast merkeleg ut å skrive dei orda. Og nettopp difor trong vi denne filmen.

Les også: Grotle fekk klump i halsen av filmen om Førde

Les også: Meiner Førde manglar ein vesentleg ting for å halde på bystatusen

Artikkeltags