Gå til sidens hovedinnhold

Kom deg ut i helga, for neste veke kjem regnet tilbake

Artikkelen er over 1 år gammel

– Det blir fine dagar i i helga. Folk må nytte sjansen, for neste veke ser det litt dårlegare ut, seier meteorologen.

– Temperaturen held seg på mellom fem og seks varmegradar på dagtid, seier meteorolog ved Meteorologisk institutt i Bergen, Gunnar Livik.

På morgonkvistane kan det framleis ligge eit frostlag ute på marka, og utover dagen blir det opphaldsvêr med lett skydekke. Det blir lite vind, men det kan kome ein frisk bris på kysten frå søraust. I ytre strok kan det kome nokre byer som regn eller sludd med snø nokre hundre meter opp i høgda, fortel Livik.

Ut på dagen søndag ser det ut som det kjem nedbør og snø frå to til fire hundre meter opp i høgda, og det blir liten stiv kuling på kysten.

– Ser ikkje ut til at vårvêret kjem heilt enno. Det held seg omtrent som no – ikkje veldig varmt, men ingen sprengkulde heller, seier Livik.

Det betyr at det er godt håp for at skiføret held seg i skianlegga i Sunnfjord ei stund til.

Kommentarer til denne saken