Torsdag var ein dag då Vegtrafiksentralen hadde venta seg ein del utfordrande køyreforhold og mange trafikkmeldingar. Per torsdag ettermiddag hadde det vore etter forholda roleg, også over fjellovergangane.

Seinare vart det innført kolonnekøyring ved to fjellovergangar. Nærare bestemt over Vikafjellet og Haukelifjell. Siste oppdatering frå Vegtrafikksentralen vest er at Vikafjellet også kan bli stengt på kort varsel. Dette varselet kom klokka 20.29.

Her kan du sjå dei siste gjeldande statusane for fjellovergangane:

Rv13 Vikafjellet: Kolonne

E134 Haukeli: Kolonne

E16 Filefjell: Opent

Rv52 Hemsedal: Opent

Rv7 Hardangervidda: Opent

Rv15 Strynefjell: Opent

Fv50 Aurland-Hol: Opent

Fv53 Årdal-Tyin: Opent

Siste status er innhenta klokka 18.08.

Her kan du også sjå korleis køyreforholda er på lokalvegane i Sunnfjord:

Direkte: Slik ser det ut på vegane