Gå til sidens hovedinnhold

Kolonne og stengde vegar på fjellovergangane

Fleire av fjellovergangane våre får merke naturkreftene godt denne laurdagen.

Fylkesveg 53 Tyin- Årdal er stengt grunna uvèr, medan det no er kolonne på fylkesveg 50, Hol- Aurland, som har vore stengt tidlegare denne helga.

– Det ser ut til å ha blitt litt betre der, seier Nina Heggernes i vegtrafikksentralen til Firda laurdag morgon.

Hardangervidda, Filefjell og Hemsedal har opne vegar.

– Utanom dette er det stille og roleg på vegane, melder vegtrafikksentralen.

Kommentarer til denne saken