Klokka 16.40 melde Vest politidistrikt at det har vore ei trafikkulykke i Aurland.

Det skal vere snakk om ein samanstøyt mellom buss og ein personbil. Ifølge Vegtrafikksentralen har ulykka skjedd på fv. 50 mellom Berdal og Nesbøtunnelane.

Arve Samsonsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt, opplyser litt etter klokka 17.00 at ein person har meldt ifrå om skade.

– Det er ein person som har meldt ifrå om lettare skader. Vedkommande er bevisst.

Samsonsen kan ikkje seier kor mange som var verken i bussen eller bilen, men stadfester at ingen i bussen er skadd. Alle naudetatar er på veg.

– Brannvesen er på staden, medan politi og ambulanse er på veg. Bilbergar er også på veg, seier Samsonsen.

Han opplyser at brannvesenet har klart å flytte bussen og at det er delvis passasje på staden.

Klokka 17.45 melde politiet at ein person er frakta til legevakta, og at det er manuell dirigering på staden.

– Vegen er open att og bilen er henta av bergingsbil. Kva som er årsaka til ulukka er førebels ukjent, fortel Samsonsen klokka 18.30.