Kollisjon mellom bubil og personbil førte til lange køar i Vadheim: – Heldigvis ingen personskade

Etter ein kollisjon på E39 rett utanfor Vadheim blei det lange køer i begge endar, ettersom ein bubil trengte bilberging.

DEL

Klokka 13:15 fekk Vegtrafikksentralen Vest melding om ein kollisjon mellom ein bubil og ein personbil rett utanfor Vadheim, på E39 i retning Bergen.

– Det var ein lett kollisjon utan personskade, men bubilen klarte ikkje å flytte seg vekk frå staden for eigen maskin, så då blei det bestilt bergingsbil, seier trafikkoperatør Idar Sangoldt.

På grunn av smale vegar danna det seg lange køar på begge sider av vegen. Sjølv om det eine køyrefeltet var ope var det få som kom seg forbi.

– Dei som skulle mot Lavik klarte å køyre forbi, men i motsett retning var det ikkje bevegelse i køen.

– Vil ta tid

13:55 fortalde Sangoldt at bergingsbilen hadde fått flytta bubilen, men han trur det vil ta tid før køen løyser seg opp.

– Det er eit særs smalt parti, og det er mange som skal komme seg forbi frå begge sider. Dessutan er det mange bubilar og campingvogner i køen.

Artikkeltags