Førdianaren Knut Arild Flatjord er tilsett som konserndirektør for kraftproduksjon i Sogn og Fjordane Energi (SFE).

Flatjord jobbar i dag som regiondirektør for GK på Vestlandet, ein teknisk entreprenør og servicepartnar som leverer løysingar innan ventilasjon, kulde, byggautomasjon, elektro og rør. Her han jobba dei siste elleve åra.

No skal han leie SFE produksjon. Selskapet har i dag 70 tilsette, som i hovudsak består av energioperatørar, fagarbeidarar, ingeniørar og kraftanalytikarar. Dei opererer 28 av 31 heil- eller deleigde kraftverk i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn.

Flatjord tar over rolla som konserndirektør etter Ola Lingaas, som går av med pensjon.

– Heilt sidan eg var med å byggje eit eige småkraftverk heime i Stardalen, har eg vore fasinert av kraftproduksjon. SFE har mange dyktige folk og eg har stor respekt for all den kunnskapen som selskapet har. Fornybar energi er i tillegg ein viktig del av klimaløysinga, og eg ser fram til å lære mykje nytt, seier 42-åringen i ei pressemelding frå SFE.

Firda kjem tilbake med meir.