– Klipp hekken til skulestart

KLIPP HEKKEN: Trygg Trafikk oppmodar om å klippe hekkane i samband med skulestart.

KLIPP HEKKEN: Trygg Trafikk oppmodar om å klippe hekkane i samband med skulestart. Foto:

Om hekken din har høge buskar ved avkøyrsler eller store greiner som heng ut i vegkryss, må du klippe den til skulestart.

DEL

– I desse dagar starta barna på skulen igjen og vi ønskjer at flest mogleg skal gå og sykle. Då må det leggast til rette for at det kan skje på ein sikker måte, seier regionleiar i Trygg Trafikk Vestland, Knut Olav Røssland Nestås.

I ei pressemelding oppmodar Trygg Trafikk folk om å klippe hekkane i samband med skulestart. Dette er ettersom små barn på skulevegen blir lett usynlege bak store hekkar og buskar, og dette kan føre til farlege situasjonar i trafikken.

Trafikantane kan også gå glipp av viktig informasjon når skilt langs vegane vert skjult av grøne buskvekstar.

Å syte for fri sikt er nedfelt i veglova. Når du står tre meter inn i avkøyrsla di skal du ha minst 30 meter fri sikt i kvar retning langs gang- og sykkelvegen. Hekk og gjerde skal heller ikkje vere høgare enn 50 centimeter ved avkøyrsla.

– Det her gjeld mange stader i distriktet vårt. Mange er nok ikkje klar over dette. No må vi saman ta eit tak for å sikre best mogleg sikt og trafikktryggleik før skulestart, seier Nestås.

Det er du som bur ved vegen som er ansvarleg for å klippe hekk og buskar på eigedommen din.

For to år sidan vart fartsgrensa her sett ned, no blir den redusert endå meir

Førdepakken skal bli betre på kommunikasjon

Elbilfolket grisar: – Avføring og papir ligg strødd

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken