Det opplyser operasjonsleiar Ole Ronny Olsen i Vest politidistrikt då Firda ringde til operasjonssentralen 08.15.

– Helikopter henta dei ned 01.03 i natt, seier Olsen.

Vest politidistrikt fekk melding om klatrarane, som rappellerte seg ned Vesle Skagastølstind, 17.26 laurdag ettermiddag. Etter sju timar var dei nede på bakken igjen.

Redningshjelpa visste kor klatrarane var heile tida, men tåka gav dårlege arbeidsforhold.

Olsen veit ikkje noko om kven dei er per no, òg fortel at dei skal snakke med klatrarane i løpet av dagen.

Klatrarane skal vere i god behald.