– Dette er det vi kallar rasvêr, seier trafikkoperatør Ronny Sleire hos Vegtrafikksentralen.

Meteorologisk institutt har sendt ut oransje farevarsel for jord- og flaumskred til og med fredag. Årsaka er at det er meldt mykje regn, og enkelte stader kraftige regnbyer. Det er også venta ein del vind. 

Då Firda ringer Vegtrafikksentralen, har det allereie gått to ras på Vestlandet: Eitt i Suldal i Rogaland og eitt på Osterøy.

– Eg blir ikkje overraska om det skjer noko oppe i dykkar område også, seier Sleire. 

Han ber folk følgje med på nyheitene, vêr- og vegmeldingar for å halde seg oppdatert på situasjonen. Men han peikar på at dette ikkje er ein uvanleg situasjon. 

– Det kjem verre stormar enn dette utover hausten, og dette er heller ikkje eit vêr som er uvanleg i våre trakter, men det er greitt å følgje litt ekstra med på meldingane dei neste dagane. Men vi kryssar fingrane for at det skal gå bra, seier han. 

Viktige sider for vêr- og vegmeldingar: