Klagebehandlinga er ikkje ferdig, men Lutelandet Energipark er i full gang

Tidsfristen for å få ta del i den gunstige ordninga med grøne sertifikat er i ferd med å gå ut. Lutelandet Energipark AS har derfor ein stram tidsplan. No har dei gått i gang med anleggsarbeid før alle løyve er endeleg på plass.