Statens vegvesen melder at rv. 5 gjennom Kjøsnestunnelen blir stengt natt til torsdag 16. november.

– Tunnelen blir stengt for ferdsel onsdag kveld klokka 23.00 og opnar att torsdag morgon klokka 05.30, seier Sverre Torgeir Kjos-Wenjum i Statens Vegvesen.

Det er naudutstyr som skal testast i timane tunnelen er stengd.

– Det siste byggearbeidet vart gjort i samband med ein mur som vart bygd ved eit samankoplingspunkt i tunnelen. Det er naudsynt å få testa dette utstyret fullt ut, og tunnelen blir stengd i timane med minst trafikk, opplyser Kjos-Wenjum.

Det blir gjennomkøyring frå begge sider klokka 00.30, 02.00, 03.30 og 05.00. Tunnelen vil vere open for utrykkingskøyretøy heile natta gjennom.