Då vegvesenet stod der, stakk føraren av

Artikkelen er over 2 år gammel

NORDFJORD: Statens Vegvesen hadde kontroll på Kjøs i Hornindal.

DEL

Ein førar stakk av då Statens vegvesen heldt kontrollar på Kjøs i Hornindal onsdag. Han vart observert av ein patrulje på Sunnmøre, men dei gridde ikkje å stoppe føraren.

Eit køyretøy vart avskilta på grunn av manglande periodisk kontroll.

I tillegg fekk to førarar gebyr. Den eine mangla vognkort, og den andre fekk gebyr for manglande førarkort.

Ein førar av vogntog fekk skriftleg åtvaring fordi han hadde tatt for kort vekekvil.

Artikkeltags