Gå til sidens hovedinnhold

Kjære kommunestyre, kjære fylkesting, kjære storting, kjære regjering!

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Eg veit ikkje lenger kven eg skal henvende meg til. Dette har gått lenger enn eg trudde det kunne. Eg er berre ein gymnaselev. Eg var elleve år då eg høyrde om gruvedumping for fyrste gong. Læraren min fortalde meg at nokon ville grave i Engjabøfjellet. Dei ville bruke noko av det dei tok ut av berget og hive resten i Førdefjorden. Eg trudde aldri at Erna ville la dei gjere det. «Ho vil nok stoppe dei», tenkte eg, medan eg såg ut på min eigen fjord, Dalsfjorden, som alltid glitra og skein der han låg.

Nordic Mining har jobba med dette prosjektet så lenge eg har levd. I juni i år fekk dei driftskonsesjon. Natur og ungdom har klaga og for ei lita stund sidan fekk vi klagen tilbake frå direktoratet for mineralforvaltning, avvist. No skal den vidare til nærings- og fiskeridepartementet. Kva gjer vi visst dei også avviser den? Kva gjer vi om kongen i statsråd gjer det same?

Eg har vakse opp eit stykke inn i Dalsfjorden, i Holmedal i Askvoll. Dalsfjorden er ein nydeleg fjord. Eg har ikkje tal på alle sommardagane eg har bada i fjøra i Holmedal, eller alle gongane vi har vore ut på fisketur med besta og besten sin båt. Alle gongane eg har drege krabbeteiner og leita etter sjøstjerner. Livet i fjorden spelar ei mykje større rolle for oss holmedølingar enn vi kanskje trur. Slik er det vel alle med fjordane våre? For Norge er eit spesielt land. Det er ikkje alle som har våre vakre fjell og fjordar. Diverre er ikkje denne tanken om vakker og særeigen natur nok til å overbevise alle om at viktig det er å halde Førdefjorden rein. Kva med alt vi får av fjorden? All fisken? Turismen? For det vil ikkje kunne fortsetje slik som no, dersom Nordic Mining får sleppe ut giftige kjemikaliar i fjorden. Det vil ikkje kunne fortsetje dersom fjordbotnen vert liggande full av slam.

Ivar S. Fossum i Nordic Mining lovar gull og grøne skogar. Han lovar ikkje blå fjordar. Han lovar ikkje levande fjordar. Men kva skal vi gjere? Ivar har mange mektige folk i ryggen. Kven har vi i miljøbevegelsen? Er vi store nok i oss sjølv? Det burde vel ikkje eigentleg vere vår jobb, men skulestreikane til Greta Thunberg har vist at det er faktisk den nye generasjonen som er nødt til å ta ansvar for miljøet vårt. Vi har signert underskriftskampanjar og vi har demonstrert. Så no er spørsmålet mitt kjære kommunestyre, kjære fylkesting, kjære storting, kjære regjering: Kva skal til for å redde Førdefjorden? Må vi lenke oss fast til botnen? Drukne oss i han?

La Førdefjorden leve!

Kom frå Oslo for å sjå: – Når nokon ønskjer eigedomsrett til ein annans grunn, kan vi ikkje ta lett på det

– Har pengar til å starte utbygging i Engebøfjellet i 2022

Lagar plan for ny Vevring-gruve

Kommentarer til denne saken