Kvart på seks søndag morgon fekk politiet melding frå bekymra naboar om bråk frå ei leilegheit i Øvre Årdal. Politiet rykte ut og kom i kontakt med folk på adressa.
– Det viste seg å vere ein kjærastekrangel. Det var ingen vald, men det var ganske høglydt. Dei blei formant om å halde ro og ikkje krangle meir, utover det fekk dei ingen reaksjonar, fortel operasjonsleiar Stine Mjelde ved Vest politidistrikt.
Både i Lærdal og Sogndal vart det halde promillekontrollar i natt, men politiet fann ingen som var påverka av anna enn gråvêr og nattemørke.