(FIRDAPOSTEN): Etter at kommunestyret i Kinn landa på at dei ville halde fram som ein kommune, trass i at fleirtalet i Vågsøy ønska seg tilbake til to kommunar, var signala frå kommunalministeren tydelege. Dei ville ikkje overstyre eit lokalt kommunestyrevedtak.

Fredag kom brevet frå kommunal- og distriktsdepartementet som gjer det offisielt. Kinn blir ikkje delt.

− Regjeringa sa ja til å greie ut deling av Kinn kommune på bakgrunn av eit initiativ frå kommunen sjølv. Kommunestyret i Kinn har vurdert saka etter å ha fått råd frå innbyggjarane, og har konkludert med at ein ikkje ynskjer deling. Derfor avsluttar regjeringa no prosessen som kommunen sjølv tok initiativ til, seier Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Regjeringa kunne ikkje sjølv ha delt opp Kinn kommune mot kommunestyret sitt ønske, det går fram av inndelingslova. Om dei ønska å dele Kinn måtte dei gått via Stortinget. Det er ikkje aktuelt.

I brevet strekar kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik under at Kinn ikkje er å rekne som ein tvangssamanslått kommune.

– Då Stortinget vedtok samanslåing på bakgrunn av lokale vedtak om samanslåing i begge kommunestyra.