Kim (35) og Ann Christin (30) hadde ein fantastisk topptur – så snudde brått idyllen: – Eg høyrde på stemma hennar at det var alvorleg

Sambuarparet Kim Haughovd Karlsen og Ann Christin Storteig Nygård fekk ein brå avslutning på toppturen til Fanaråken, etter at skia til sistnemnde hekta seg fast i snøen og førte til at leggbeinet brekte tvers av.