Gå til sidens hovedinnhold

Kavli kallar tilbake Snack Pack

Artikkelen er over 1 år gammel

Det er påvist ein bakterie som kan gi mild matforgifting i enkelte Snack Pack-produkt frå O. Kavli.

Det er smaksvariantane Chilli Paprika, Mager Pesto, Jalapeno, Paprikaost, Mager Jalepeno som blir trekte tilbake etter at bakterien bacillus cereus er funnen, opplyser selskapet i ei pressemelding. Dette er ein sporedannande bakterie som kan gi symptom i mage og tarm.

Personar som har kjøpt produkta, blir bedne om å kvitte seg med dei ved å kaste dei eller å returnere dei til butikken for å få pengane tilbake.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken