Det er andre året HVL deler ut språkprisen. I år blir prisen delt mellom Per Eilif Thorvaldsen, førsteamanuensis ved Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag – og Katrine Sele, rådgjevar i avdeling for kommunikasjon. Det skriv Høgskulen på Vestlandet på sine nettsider.
Katrine Sele er svært glad for å bli heidra med språkprisen frå høgskulen.
– Eg er utruleg glad for å bli heidra på denne måten av mine eigne kollegaer! Det er stort. Prisen gjer at eg kjenner meg sett, og at eg får tru på at arbeidet mitt gjer ein forskjell. Å formidle forsking og å rettleie folk i skriving og anna formidling, er meiningsfylt og dessutan også veldig gøy, fortel Katrine Sele.
Sjølve språkprisen er på 25.000 kroner. Denne summen blir i år delt mellom dei to prisvinnarane.
– Når det gjeld språk finst det alltid rom for å lære meir. Så eg tenkjer eg vil bruke pengane i ei retning som gjer at eg kan løfte meg sjølv endå meir på det feltet, seier Sele.
