Det var klokka 09.36 torsdag føremiddag at brannvesenet fekk melding om ein mjølkekartong som hadde teke fyr.

Ifølgje vaktkommandør Tore Fanebust ved 110 Vest vart kartongen lagd oppå ein omn med eit uhell.

Brannvesenet har no gått over området med IR-kamera, det vil seie varmesøkjande kamera.

– Området er no trygt å forlate, melder Fanebust til Firda klokka 11.15.