Førde-jenta Karoline Erdal var raskast av alle under torsdagens sprintrenn i IBU-cupen.

Erdal hadde eit bomskot på liggande skyting, og to bomskot på ståande skyting, under det som verka å vere utfordrande skyteforhold. Av 91 deltakarar var det ingen som skaut feilfritt, og berre to hadde færre bom enn Erdal.

I sporet klarte heller ingen å hamle opp med ho i den 7,5 kilometer lange løypa. Ho gjekk i mål på 26:21.4, som var 6,6 sekund framfor andreplassen.