Gå til sidens hovedinnhold

Karoline Erdal tok EM-sølv

Karoline Erdal skaut feilfritt på vegen mot sprintsølv i det opne EM-et i skiskyting i Polen.

– Endeleg satt den! skriv Erdal på Facebook fredag kveld, før ho takkar alle som følger med og støttar ho.

I mål var Erdal 5,7 sekund bak latviaren Baiba Bendika, som vann, sjølv om ho hadde éin bom på ståandeskytinga i Duszniki-Zdrój.

Kjempa om gullet

Erdal kjempa om gullet då ho gjekk ut frå standplass for siste gong, men Førde-løparen hadde ikkje høg nok fart i sporet til å stoppe Bendika frå å gå forbi og ta sigeren.

Då Firda snakka med Erdal tidlegare i januar, var ho spent på korleis det kom til å gå i EM.

– No leiter eg etter den følelsen der eg kan prestere på det nivået som eg veit eg har inne. Om eg greier det, så veit eg at det kan bli eit godt resultat. Vi får sjå, det blir i alle fall spennande, sa ho då.

Fleire norske

Emilie Kalkenberg og Åsne Skrede hadde òg prikkfri skyting. Den norske duoen la seg inn på 6.- og 7.-plass. Dei var høvesvis 16,2 og 21,1 sekund bak vinnartida.

Noreg stilte òg med Ragnhild Femsteinevik (35.-plass), Marthe Kråkstad Johansen (41.) og Juni Arnekleiv (63.).

Stina Nilsson meisterskapsdebuterte som skiskyttar i sprinten på fredag. Sveriges tidlegare langrennsstjerne bytte skigrein etter 2019/2020-sesongen. I EM-premieren bomma ho på det første og siste skotet sitt.

Løpet heldt til ein 42.-plass for Nilsson. Ho gjekk ikkje normaldistansen på onsdag.

(©NPK)

Les også

Var eigentleg reserve, men no får Karoline (23) frå Førde måle kreftene mot verdseliten: – Det er her eg vil vere

Kommentarer til denne saken