Karoline Erdal frå Førde er teken ut til det norske verdscuplaget for komande verdscuprenn i skiskyting i Annecy-Le Grand Bornand i Frankrike.

Ragnhild Femsteinevik er også teken ut til troppen. Dei to skal erstatte Karoline Knotten og Emilie Kalkenberg, som skal stå over dei siste verdscuprenna før jul.

Elles består det norske kvinnelaget av Tiril Eckhoff, Marte Olsbu Røiseland, Ingrid Tandrevold og Ida Lien.

Sprint, jaktstart og fellesstart står for tur mellom 16.- 19. desember.