Karanteneregelverket blir forenkla

Av

Reglane for innreisekarantene og smittekarantene blir identiske og blir samla i ei felles avgjerd. Regjeringa strammar òg inn på unntak frå karanteneplikta.

DEL

– Målet med forenklingane er å gjere det lettare for folk å følgje karantenereglane. Eg er nok i tvil om at det er kompliserte reglar som har skulda for at nokon droppar karantene eller ikkje følgjer reglane. Men viss det skulle vere sånn, har vi no rydda opp, sa helseminister Bent Høie (H) på koronapressekonferansen til regjeringa tysdag ettermiddag.

Har ein vore i kontakt med ein smitta eller på reise i eit raudt land, skal ein dermed vere i karantene i ti dagar.

– Det betyr at du ikkje skal gå på jobb eller skule, ikkje oppsøkje stader med mange menneske. Du skal heller ikkje ta offentleg transport, sa Høie.

Strammar inn på unntak

Endringane tok til å gjelde tysdag ettermiddag.

– Ein konsekvens av at reglane blir enklare, er at innreisekarantenen blir litt strengare, sa Høie før han opplyste om at regjeringa òg strammar inn på unntak frå karanteneplikta, mellom anna for samfunnskritisk personell.

– Unntaket for personell i samfunnskritiske funksjonar blir stramma inn fordi vi er redd for at dette har vorte brukt for mykje fordi arbeidsgivarar ikkje har planlagt godt nok, sa Høie på pressekonferansen.

Han sa at personell i slike funksjonar no berre får unntak frå karantenereglane dersom det er strengt nødvendig for å sikre forsvarleg drift av verksemda, eller dersom det ikkje er tid for å gjennomføre testar.

Flypersonell må testast

Flypersonell får unntak frå innreisekarantene, men det blir kravd test kvar sjuande dag dersom dei forlèt flyet på jobb i raude land for å unngå innreisekarantene.

Vidare får arbeidstakarar frå Finland same unntak for arbeidstakarar frå innreisekarantene som arbeidstakarar frå Sverige allereie har, men frå no gjeld det berre pendlarar med krav om testing kvar sjuande dag.

Artikkeltags