Kansellering av 3000 Norwegian-flygingar – varslar også permitteringar

KANSELLERINGAR OG PERMITTERINGAR: Om lag 3000 av Norwegian sine flygningar blir kansellerte framover. Det fører også til større permitteringar for flyselskapet.

KANSELLERINGAR OG PERMITTERINGAR: Om lag 3000 av Norwegian sine flygningar blir kansellerte framover. Det fører også til større permitteringar for flyselskapet. Foto:

Det melder flyselskapet sjølv tysdag.

DEL

Grunna Korona-situasjonen førebur Norwegian kansellering av rundt 3000 av selskapets flygingar frå midten av mars til midten av juni. Dette svarar til om lag 15 prosent av den totale kapasiteten i denne perioden.

I tillegg innfører også flyselkapet ein serie andre tiltak, mellom anna permittering av det dei omtalar som «eit betydeleg tal tilsette».

Det er den reduserte etterspurnaden som fører til kanselleringane, ifølgje selskapet. Kunar som er råka, vil bli varsla direkte.

– Dette er ei kritisk tid for heile luftfarten, også for oss i Norwegian. Vi oppfordrar myndigheitene til å iverksette tiltak umiddelbart for å redusere den økonomiske belastninga for flyselskapa og beskytte viktig infrastruktur og arbeidsplassar, seier Norwegians konsernsjef Jacob Schram.

Konsernsjefen fortel vidare at dette får følgjer for mange tilsette i selskapet.

– Vi har innleia formelle samtalar med våre fagforeiningar om permitteringar av tilsette. Vi kjem til å halde fram å ha ein konstruktiv dialog med fagforeiningane og våre kollegaer for å kome oss gjennom denne vanskelege situasjonen saman, seier Schram.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken