Gå til sidens hovedinnhold

Kan måtte stenge E39 ved Litle Urdaltunnelen om det blir mykje nedbør

E39 ved Litle Urdaltunnelen i Alver kan bli stengt på kort varsel. Det melder Vegtrafikksentralen vest søndag ettermiddag.

Det er venta mykje nedbør og torever i ettermiddag, og fjellsikringa ved tunnelen er ikkje ferdig. Det vil vere vakter på staden som følgjer med.

Søndag ettermiddag varsla Vest politidistrikt om styrtregnet som er meldt. Politiet ber bilistar vere aktsame.

Kommentarer til denne saken