Varaordførar Harald Kvame (H) svinga kakespaden og spådde jublande at Naustdal vil bli ein av dei største industrikommunane i landet, då regjeringas ja til Engebøgruva og sjødeponiet kom fredag. Alt høyrest så enkelt, opplagt og sjølvsagt ut, om lag som då Måløy skulle arrangere The Tall Ships' Races i 2008: Det kunne berre bli ein spektakulær suksess, som ville setje staden på kartet. Det siste vart som vi veit tilfelle, på sin måte.

Alle forstår vi Naustdals brennande ønske om vekst, 300 nye arbeidsplassar, tilflytting og utvikling. Men vegen fram til dette industrielle Soria Moria blir ikkje enkel. Først ventar ein miljøstrid som neppe blir noko omdømmeprosjekt for distriktet. Deretter vil tida vise om det Naustdal og Sunnfjord sjølv får ut av Engebøgruva, viser seg å vere smerta verd.

I vår tid pulveriserer du ikkje eit heilt fjell, og dumpar 250 millionar tonn stein, støv og kjemikaliar i fjorden over ein periode på femti år, utan at det blir spetakkel. Spesielt ikkje når dette skjer på dørstokken til ein nasjonal laksefjord, når Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet åtvarar, og havbruks-, fiskeri- og reiselivsnæringa som omset for enorme beløp, er dundrande imot.

I tillegg ser vi eit Miljødirektorat som først seier nei som sitt faglege råd, og deretter får beskjed om å kome med ei ny vurdering, der dei også tek inn andre, samfunnsmessige omsyn. Med andre ord: «Feil svar, skriv om att». Sett frå eit Europa der tidas straumdrag handlar om berekraft og miljøomsyn, blir biletet av miljønasjonen Norge lite flatterande: Eit søkkrikt lite land med løfta miljøpeikefinger til andre, men som sjølv let prinsippa fare når næringsinteressene er store nok, og som gjer «føre var»-prinsippet til eit revynummer.

For internasjonal miljørørsle, i eit stadig meir miljøbevisst Europa, kan sjødeponiet bli den feite symbolsaka å leite fram lekkjene til. Vi veit ikkje kva som vil skje, men over 30 internasjonale miljøorganisasjonar har allereie klaga til den norske regjeringa.

Så spørst det også kven som til slutt bygger ut. Papirselskapet Nordic Mining? Kinesiske eller australske selskap, som let eigne arbeidarar pendle og bu i brakkerigg, slik ein opplever i Sør-Varanger? Blir verkeleg  gruvearbeidarane norske ungdommar – når desse i dag ikkje vil jobbe på eit skipsverft? Kvar hamnar verdiane, og kven blir tøffe nok til å setje foten ned, den dagen miljøkrava blir brotne, når motparten er eit storkonsern? Kor mykje blir intensjonsavtalen om å utvikle vidareforedling verd, under t.d. ein kinesisk eigar? Så har vi den lokale striden, som allereie er eit ope sår. Naustdal kjem nok på kartet, men kanskje ikkje slik dei ser føre seg.