Gå til sidens hovedinnhold

Kan Førde verte ein triveleg by?

Artikkelen er over 1 år gammel

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

I 2016 hadde Dagsrevyen eit innslag om byplanlegging. Førde vart der presentert som den dårlegaste planlagde by i Noreg. Seinare har det vore gjort forsøk på å presentere byen ved elva – etter modell frå Drammen – utan at vi ser positiv døme på å gjere det i praksis.

Nyleg hadde NRK Førde ein presentasjon av Førde, der m.a. Trond Ueland nemnde at «Parken» i Førde var ein viktig og god sjanse til å skape ei grøn lunge i byen. Men, nyleg så kom det eit framlegg med stor åtgaum frå kommunen om å bygge eit parkeringshus i dette området, – rett nok berre i 2 etasjar over bakken. Då kunne ein vel like godt ha laga eit gigantisk parkeringshus i 10 etasjar, som eit signaturbygg for Førde, og i tillegg kunne ein ha stor bensinstasjon og bilverkstad for verkeleg sette bilbyen Førde på kartet.

Mange byar har no starta arbeidet med å etablere bilfrie sentrumsområde, – m.a. Bergen, Stavanger, Trondheim og Oslo. I Oslo seier dei i sine planar at dei vil gje byromma attende til menneska som bur der. Det måtte jo høve godt for Førde, med slagordet om menneska i sentrum. Det folk ønskjer seg i dag er fleire grøne område, fleire benkar og sitteplassar for gode samtaler i fredelege omgjevnader.

Folk vil ha meir kultur og utsmykking, og meir menneskeliv og aktivitet i gatene. Samstundes må vi få til ei god og tenleg transportordning, både for folk og for varetransport til butikkar og verksemder.

Auken i tal eldre tilseier auka vektlegging på lett tilgjengelege og trygge byrom, med vekt på trivsel og kultur.

I Oslo satsar ein no på å bli ein meir eldrevennleg by. Kanskje kan Førde/Sunnfjord lære noko av dette, før det er for seint. Det er ikkje eit poeng at våre etterkomarar skal bruke tid og pengar på å rette opp unødvendige feilgrep som vert gjort i dag.

Overflateparkering er på veg ut i alle større byar. Parkeringsanlegg i Hafstadfjellet er ei god og framtidsretta løysing for Førde.

Mi von er at Førde kan bli eit føredøme for god byplanutvikling, med menneska i sentrum. Ein by vi kan vere stolte over fordi her er det godt å leve og bu, for både gamle og unge.

Kommentarer til denne saken