Kameraovervaking blir innført i slakteri

KALLA INN NÆRINGA: – Vi skal forskriftsfeste kunnskaps- og kompetansekrav. Ser du eit sjukt dyr, så skal du ha både kompetanse til å sjå at dyret er sjukt, du skal vite kva du skal gjere og korleis du skal gjere det, seier Olaug Bollestad.

KALLA INN NÆRINGA: – Vi skal forskriftsfeste kunnskaps- og kompetansekrav. Ser du eit sjukt dyr, så skal du ha både kompetanse til å sjå at dyret er sjukt, du skal vite kva du skal gjere og korleis du skal gjere det, seier Olaug Bollestad. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Kameraovervaking i slakteri er eitt av tiltaka landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) og representantar for svinenæringa innfører etter NRK-dokumentar.

DEL

Bollestad kalla inn næringa til møte etter at NRK Brennpunkt-dokumentaren «Griseindustriens hemmeligheter» førre veke avdekte omfattande lov- og regelbrot i grisefjøs og -slakteri.

Etter møtet kjem det fram at regjeringa innfører kameraovervaking i slakteri – eit tiltak næringa stiller seg bak.

– Overvakinga vil vere til internt bruk for Mattilsynet, slik at dei kan gå inn og sjå på tilfelle eller ta kontrollar for å klare å avdekkje kritikkverdige forhold. Dette vil gjere dei ulike prosedyrane betre, og kvaliteten for å sikre dyrehelsa og dyrevelferda vil òg bli betre, seier Bollestad til NTB.

Dyrevelferdsprogram

I tillegg til kameraovervaking, vart òg Dyrevelferdsprogrammet diskutert. Landbruksministeren foreslår at dette skal forskriftsfestast, noko som betyr at alle svinebønder må delta. Dyrevelferdsprogrammet for slaktegris er godkjent av Mattilsynet og vart starta i 2018.

– Vi skal forskriftsfeste kunnskaps- og kompetansekrav. Ser du eit sjukt dyr, så skal du ha både kompetanse til å sjå at dyret er sjukt, du skal vite kva du skal gjere og korleis du skal gjere det, seier Bollestad.

Dei inviterte næringsaktørane var Landsforbundet til Kjøtt- og fjørfebransjen, Matmerk, Mattilsynet, Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norsvin og Nortura SA.

– Avhengige av tillit

– På møtet skulle vi løyse ei felles utfordring som NRK-dokumentaren viste, nemleg eit sterkt grunngitt tillitsbrot til svinenæringa. Vi er avhengige av å ha tillit til svinenæringa for dyrevelferda, seier Bollestad.

Bollestad har bedt svinenæringa komme med forslag til fleire tiltak innan 1. september. Etter dette vil ho ha eit nytt møte med dei same aktørane.

– Dette vil eg følgje tett. Vi skal ha ei dyrevelferd som sikrar at dyr i Noreg har det godt.

– Positivt

Dyrevernsorganisasjonen NOAH er positive til at regjeringa opnar for kameraovervaking.

– NOAH er svært positive til at regjeringa no opnar for dette, og at dei innser at det kan vere eit godt verktøy for Mattilsynet for å oppdage og forfølgje lovbrot. Å innføre kameraovervaking i slakteri er ein stadfesting av at slakteria er stader der risikoen for lovbrot er høg og lidinga for dyra kan bli svært alvorleg, seier veterinær i NOAH, Siri Martinsen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken