Gå til sidens hovedinnhold

Kallar tilbake karbonadedeig frå butikkar

Artikkelen er over 1 år gammel

Coop har valt å kalle tilbake karbonadedeig av merket Coop som er produsert av Fatland Ølen.

Dette gjer dei fordi dei mistenkjer salmonella.

– Prøva er ikkje bekrefta positiv enno, men vi vel å trekke produktet av føre-var prinsippet til endeleg svar er klart, seier kommunikasjonssjef Harald Kristiansen i Coop Norge i ei pressemelding.

Han seier at det ikkje er helsefarleg å ete karbonadedeiga så lenge den er varmebehandla, men at dei vil vere på den sikre sida.

-Vi oppfordrar alle kundar som har kjøpt produktet om å levere det tilbake til butikk, slik at dei kan få refundert pengane, seier kommunikasjonssjefen.

Det aktuelle produktet er produsert 11.03.2020: Coop Karbonadedeig 400 g, holdbarhet 29.03.2020 med Batchnummer 0113802

Kommentarer til denne saken