Kalla ut naudetatane utan grunn – fekk bot

Ein mann i Luster melde om ein valdeleg slåstkamp. Då politiet kom var det heilt stilt.

DEL

Søndag ringde ein mann inn på naudnummeret 112 for å varsle om ein valdeleg slåstkamp som fann stad i nærleiken av ungdomshuset i Gaupne i Luster kommune.

Då politiet kom til staden viste det seg at det aldri hadde vore noko slåstkamp på staden.

Mannen har no motteke eit førelegg for å bryte straffelova, og er sikta for å ha misbrukt naudsignal og komme med ei uriktig melding.

Mannen blir no straffa for å ha sett i gang utrykking og spreidd frykt blant eit større tal menneske.

Han må betale 3.000 kroner i bot dersom førelegget blir vedteke. Viss bota ikkje blir betalt risikerer han seks dagar i fengsel.

Artikkeltags