– Vêret er ganske så bra søndag og måndag.
Det seier Haldis Berge, vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, om vêret komande veke.
Det fine vintervêret held fram neste veke også, der nokre stadar kan få påfyll av snø.
– Vinden kjem frå aust og det kan kome frisk bris nokre stadar. Måndag vil bli veldig likt som i dag, medan skydekket er litt meir usikkert på tysdag. Då kan det potensielt kome litt snø sør for Sognefjorden, medan dei nord for fjorden får liknande vêr som måndag, seier Berge.

Hytteeigaren på Folkestad retta opp innan fristen, men eitt tiltak fekk han behalde
Minusgrader
Temperaturen vil heller ikkje endre seg så mykje. Berge fortel at den vil ligge ein stad mellom minus fem til minus ti grader.
– Det held seg såpass kjølig denne veka at snøen nok blir liggande ei stund til. Korleis temperaturane blir i slutten av veka er litt meir usikkert, seier Berge.
På onsdag vil vinden skifte retning, spesielt i ytre strøk.
– Då vil vinden kome frå nordaust og det blir overskya. I indre strøk er det framleis austavind som gjeld, seier ho.
